Del av Intro
INTRO OG AALESUND FOLK FESTIVAL INVITERAR
Bli med på den mest overraskande, generøse og inspirande konserten du har fått med deg på lenge! Vi har invitert ei salig blanding av barn og vaksne som har til felles at dei diggar musikk og at dei bur i vår region. Her blir det mellom anna tradisjonell hallingdans, ein norgesmeister i hiphop, aktørar frå Fargespill, både ferske og drevne trekkspelarar, drivande rytmer frå Vatne og Tennfjord, og urframføring av eit nytt verk komponert av Runar Tafjord frå The Brazz Brothers!
Musikk handlar mest av alt om å vere i lag og dele. Om du har spelt eller dansa i 50 år, eller om du aldri har rørt eit instrument før, speler inga rolle – opplevinga av musikk er like stor. Berre spør ringreven Runar Tafjord, som seier at musikk er «serious fun». Eller på godt norsk: Å ta musikk på alvor med glimt i auget!
Skap ei unik oppleving saman med oss. Ta med deg dei du vil! Vil du berre lene deg tilbake og trampe takta, så gjer du det. Om du vil hive deg med og lære eit hallingmoment eller to så skal du få prøve deg!
Denne familiekonserten er gratis for alle
Velkommen til Ålesunds storstue for denne unike opplevinga.
INTRO er Fjord Cadenza sin konsertserie for barn og familiar. Serien er gjort muleg takka vere Sparebanken Møre og Kulturrådet.
Jan Beitohaugen Granli, Polaire Blé, Knut Ivar Bøe i samspel med mange born og unge frå både Møre og Romsdal, Trøndelag og Gudbrandsdalen.