Tilbake til alle arrangementer

Avslutningskonsert // 30-års jubileumskonsert

  • Nerskøystøa Nedreskodjevegen 29 6260 Skodje (kart)

Frå fjorårets konsert i Nerskøystøa. Foto: Piotr Cabaj

Éin billett - 2 konsertar!

Skulekorps og The Brazz Brothers 16:30
Hovudkonsert 18:00

30-årsjubileet til Fjord Cadenza skal markerast med ein spinnvill konsert i Nerskøystøa! Det blir eit show av det sjeldne slaget – for kor mange gongar kan ein få sjå Ole Edvard Antonsen, The Brazz Brothers og Bjørn Tomren på éi og same scene?

Til saman vil 170 (!) musikarar framføre årets bestillingsverk: Åarjelfanfara. Verket er komponert i samspel mellom Frode Fjellheim og Jan Magne Førde, som begge har gjesta Fjord Cadenza tidlegare.

Forutan dei nemnt over, er det nemleg endå fleire med på kalaset: Sjøforsvarets musikkorps, dirigent Rune Bergmann, Hildegunn Øiseth, og regionale skulekorps. 

Ta med deg sitteunderlag og sjå eit forrykande show!

 

TRYKK PÅ NAMNA UNDER FOR Å LESE MEIR:

  • Åarjelfanfara er eit fyrverkeri av ein komposisjon. Det er ei overflod av energi, mystisk stemning, spennande tema og kraftige rytmar som pregar verket.

    Komponistane sine særeigne signaturar kjem tydeleg fram i verket. Ein gammal sørsamisk joik har fått nytt liv gjennom Fjellheim si innovative tolking og Førde si forankring i både jazz og folkemusikk.

    Urframføringa av Åarjelfanfara vil avslutte både jubileumskonserten og Fjord Cadenza 2023. Vi gledar oss til ei storslått jubileumsfanfare!

  • Frode Fjellheim og Jan Magne Førde møttes fyrste gong på Trøndelag musikkonservatorium tidleg på åttitalet.

    Begge har seinare markert seg både nasjonalt og internasjonalt i musikklivet.

    Fjellheim har hatt ei imponerande karriere som artist og komponist. Mellom anna har han komponert musikk til filmsuksessen Frost.

    Førde er ein anerkjend trompetist og komponist. Han er òg ein av opphavsmennene bak ensemblet The Brazz Brothers.

    Frode og Jan Magne har tidlegare samarbeidd om prosjekt – og begge har gjesta Fjord Cadenza tidlegare. Å få dei tilbake i år er noko vi er utruleg kry over!

Skrøppatausene stiller med sal av grillmat i fjøra. Det er open bar frå klokka 17:30.

GRILLMENY

Svinemør frå Longvamør i braud med sylta raudlauk, coleslaw og spirer, 85 kr
(Allergen: gluten frå kveite, egg)

Pulled Pork med salat, pico de gallo, koriander, bbq saus og tortillalefse, 165 kr
(Allergen: gluten frå kveite)

Ostepølse i braud med sylta raudlauk, coleslaw og spirer, 85 kr
(Allergen: gluten frå kveite, melk, egg)

Det vil òg vere vegetarvariantar av dei same rettane.

Medverkande
Ole Edvard Antonsen
Bjørn Tomren
The Brazz Brothers
Frode Fjellheim
Hildegunn Øiseth
Sjøforsvarets musikkorps
Regionale skulekorps
Rune Bergmann

Forrige
Forrige
3. september

Frode Fjellheim // Hildegunn Øiseth // Engegårdkvartetten

Neste
Neste
8. juni

Jugendstildagene 2024: Lyden av jugendstil i Larsengården