INTRO

Ei utstrekt musikkformidling, til glede for heile familien

Neste INTRO-konsert:

INTRO er Fjord Cadenza sitt tilbod til alle barnefamiliar gjennom heile året, med 6 konsertar årleg. INTRO handlar om å introdusere eit bredt utval av musikk til barn og unge. Dette gjer vi gjennom å legge til rette for musikkopplevingar der vi samarbeidar med kulturinstitusjonar og nokon av dei beste kunstnerane frå regionen. INTRO skal óg bidra til å skape nye, uventa kunstnariske samarbeid.

Herlege musikkopplevingar + graut + god stemning = INTRO

INTRO tilbyr verkeleg gode og spennande konsertopplevingar gjennom året, for heile familien. Vi brenn for at alle skal få høyre, sjå og oppdage musikk i alle sjangrar. Det finst så mange ulike instrument, så mykje forskjellig musikk og så mange knallflinke musikarar å bli kjend med, og vi vil invitere dykk med. Ingen forkunnskap trengs, berre sett av formiddagen og kom. Her er alltid god stemning og mykje latter. Og så serverer vi laurdagsgraut etter konserten. Alt gratis, så klart!

Prosjektet er støtta av Sparebanken Møre.

Desse har besøkt INTRO tidlegare: