Tilbake til alle arrangementer

The Brazz Brothers // JazzCadenza: UTSELD

  • Teaterfabrikken 22 Molovegen Ålesund (kart)
Brazz Brothers band på ei scene med lilla og blått lys. Instrumenta er trommer, trompet, tuba, fransk horn og trombone. Seks artistar, bandmedlemmar.

Døra opnar 20:00. Konsertstart 21:00.

På konserten på Teaterfabrikken vil vi få høyre The Brazz Brothers med fullt trøkk, og utdrag frå jazzoperaen Storkaren med Magne Fremmerlid som solist.

Rykta fortel om både band og solist i toppform - bli med på festen, du òg!

The Brazz Brothers er ein institusjon i norsk kulturliv. I løpet av fire tiår med kontinuerlig drift har ensemblet spelt over 5000 konsertar over heile verda, og dei livlege karane frå Langevåg har blitt ei merkevare i det ganske land, med sitt gode humør, suverene formidling og enorme speleglede.

To av gruppa sine medlemmar, Helge og Jan Magne Førde, har begge gjennom åra samarbeida og levert kritikerroste bestillingsverk til Fjord Cadenza. Helge Førde og Ronnie M.A.G. Larsen med jazzoperaen Storkaren i 2012, og Jan Magne Førde med orkesterverket The Sound of a Fjord i 2015.

Medverkande
Jan Magne Førde, trompet 
Helge Førde, trombone 
Stein Erik Tafjord, tuba 
Runar Tafjord, horn 
Kåre Nymark, trompet 
Kenneth Ekornes, trommer
Magne Fremmerlid, vokal 

Forrige
Forrige
1. september

Bruvandring med lysshow og videokunst // Fredag

Neste
Neste
2. september

Korpsseminar med Brazz Brothers