Nytilsett produsent i Fjord Cadenza

Oliver Leonhard Dyb (29) er allereie godt i gong med produksjonsarbeidet. Foto: Fjord Cadenza

Fjord Cadenza har gleda av å annonsere Oliver Leonhard Dyb som vår nye produsent!

Han er tilsett i ei prosjektstilling for festivalen. Som produsent vil han arbeide med å arrangere og organisere dei ulike konsertane i løpet av årets festival.  Tidlegare har han vore med både på og bak scena i Fjord Cadenza - seinast i fjor, som fiolinist i Fjord Cadenza-orkesteret samt konsulent i staben.

Forutan å vere vår produsent, er han profesjonell musikar, med base i Ålesund, Trondheim, og Wien. Dette gir han eit unikt innblikk i arbeidet som våre artistar nyttar godt av. 

– Eg er veldig spent på å vere med på laget, og lage ein festival som kan kombinere alle musikksjangrar og kunstuttrykk eg kjenner til. Dette er ein unik kombo av mi internasjonale og heilt lokale erfaring - eg får ta med meg Wien heim til Ålesund og Skodje. Eg synest det er kjekt å løyse praktiske utfordringar, og som frilansande fiolinist er eg vand med logistikk, kalenderarbeid og Excel-ark, seier Oliver Leonhard Dyb.

Festivalsjef Hallvard Braaten Steinhovden er glad for å ha med Oliver på laget. Foto: Piotr Cabaj

Han har gått rekkene frå musikklinja ved Fagerlia VGS til å studere fiolin ved Griegakademiet i Bergen, NTNU i Trondheim, og ved Universitetet i Wien. Han er ofte å finne i Trondheim Symfoniorkester, og har reist verda rundt med Trondheimsolistene. Han har røtter og slekt både på Godøya og i Utvika i Skodje, og her heime speler han ofte saman med kystjazzbandet Dyb & Dyb frå Godøya, Skodje-bandet Elfap, og Ålesund Symfoniorkester. 

– Vi er svært glade for å auke kompetansen i vår stab ytterlegare. Ved å få Oliver med på laget, har vi tileigna oss ein svært viktig og god ressurs for det sunnmørske kulturlivet. Oliver har i likheit med mange musikarar frå regionen vekse opp i talentparaplyen til Fjord Cadenza og Ålesund orkesterskole, og fekk si første profesjonelle erfaring i orkesteret! Vi trur Oliver vil vere eit fantastisk tilskudd i vår stab, og vil sette sitt preg på årets festival, seier Hallvard Braaten Steinhovden, festivalsjef i Fjord Cadenza.

Som del av Dyb & Dyb, speler Oliver saman med slekta – slik namnet kanskje røper. Elfap er ein oktett med god trøkk, som jamnleg speler irske drikkeviser rundtom i Ålesundsområdet. Foto: privat