Bare Egil og Aslags enda mer superpopulære barneshow
aug.
31.

Bare Egil og Aslags enda mer superpopulære barneshow

Bare Egil og Aslags enda mer superpopulære barneshow til INTRO!! Her tek dei ungdommelege einnogfemtiåringane i bruk moderne verkemiddel som synth-trommer, keytar, sminke og TikTok-inspirerte dansesteg for om mogleg å kommunisere endå betre med den oppvaksande slekta. Dei trur at dersom dei berre har dette på plass vil dei oppnå suksess

Vis arrangement →
Folkemusikkmesse
aug.
31.

Folkemusikkmesse

Årets festivalgudstjeneste vert ei folkemusikkmesse med musikk frå Henning Sommerros "Vindens hjul". Messa blei skrive til Røros sitt 350-årsjubileum i 1994.

"Vindens hjul" er eit unikt vekselspel mellom liturgi, folkelig gammeldansmusikk, messetekstar, improvisasjon, kor og menighetssong. Verket er inspirert av gruvemiljøet på Røros og Johan Falkbergets forteljingar, der folkemusikken møter den europeiske kunstmusikken i ein frodig lokal musikktradisjon.

Vis arrangement →
Operapub på Nerskøyløa
aug.
30.

Operapub på Nerskøyløa

OperaPub er ein fantastisk måte å oppleve opera på! Anten du aldri har opplevd sjangeren, om du et opera til frukost, eller noko midt i mellom, er dette noko som må opplevast. Dette er eit høve til å kome tett på nokre av Noregs største operasongarar, og møte sjangeren i ei uformell drakt.

Vis arrangement →
UTSELT // FESTKONSERT: Odd René Andersen og SFMK
aug.
30.

UTSELT // FESTKONSERT: Odd René Andersen og SFMK

Årets store festkonsert under Fjord Cadenza er med sjølvaste Odd René Andersen! Han vert omtala som Norges beste soulsongar, med ei heilt unik stemme. I 2023 gjekk han av med sigeren i Stjernekamp, og gjennom heile sesongen viste han oss at han fordypar seg i melodiane og gjer dei til sine eigne – uansett kva sjanger han syng.

Vis arrangement →
Stemmeklang i Kommandosentralen
aug.
30.

Stemmeklang i Kommandosentralen

Bli med inn i Aksla!

Ålesunds største landemerke, byfjellet Aksla, sit på mange hemmelegheiter. Sidan 1945 har innsida av fjellet stått meir eller mindre urørt. I samarbeid med Stiftelsen Kommandosentralen og Tonehimmel arrangerar vi konsert i ein av byens mest sagnomsuste stadar.

Vis arrangement →
OperaPopUp på Braud Digernes
aug.
30.

OperaPopUp på Braud Digernes

  • 9 Digernes Næringsområde Skodje, Møre og Romsdal, 6260 Norway (kart)
  • Google Calendar ICS

Denne konserten er gratis!

I dufta av fersk gjærbakst og nytrakta kaffe får du servert operasvisker frå øverste hylle på Braud Digernes.

Gå ikkje glipp av denne moglegheita til å oppleve opera på ein heller utradisjonell arena. Ta ettermiddagskaffen på Braud med oss!

Vis arrangement →
OperaPopUp på Systra
aug.
30.

OperaPopUp på Systra

Denne konserten er gratis!

I dufta av nytrakta kaffe får du servert operasvisker frå øverste hylle på Systra kafé.

Gå ikkje glipp av denne moglegheita til å oppleve opera på ein heller utradisjonell arena. Ta ettermiddagskaffen på Systra med oss!

Vis arrangement →
På heimebane: Rune og Mathea med vener
aug.
29.

På heimebane: Rune og Mathea med vener

Opplev den norske stjernefiolinisten Eldbjørg Hemsing i konsert med TrondheimSolistene, blåsarar frå Sjøforsvarets musikkorps og lokaltalentet Mathea Strømmegjerde.

Ei konsertoppleving som spenn frå Wiens klassiske eleganse til Buenos Aires sine årstider - med lokal stoltheit og internasjonal klasse på heimebane.

Vis arrangement →
UTSELD! Festkonsert: Magne Furuholmen, Anneli Drecker og Sjøforsvarets musikkorps med gjester
aug.
31.

UTSELD! Festkonsert: Magne Furuholmen, Anneli Drecker og Sjøforsvarets musikkorps med gjester

Endeleg kan vi avsløre årets festivalkunstnar, som også inviterer til festkonsert med Anneli Drecker og Sjøforsvarets musikkorps 31. august kl. 20:00 på Gomerhuset!

Med gjestevokalistane Martin Halla og Tini Flaat får vi høyre hits frå a-ha, samt urframføring av songar frå Magnes solokarriere som har ei direkte kopling til årets kunstutstilling på Jentekolonien.

Vis arrangement →
Marie Løvås i Tusenårsparken
aug.
31.

Marie Løvås i Tusenårsparken

Til konserten på Fjord Cadenza vil Marie presentere fleire av dei nye låtane sine i eit spennande trioformat. Med seg har ho Daniela Reyes Holmsen på trekkspel, harmonium og bass, og Torgeir Hovden Standal på gitarar. Tematisk beveger låtane seg rundt det usagte - om ubearbeidde kjensler og erfaringar som ikkje har fått språk, ting ein ikkje tør å seie høgt, og lette over å vere med eit menneske som berre forstår utan at ein treng å seie noko som helst.

Vis arrangement →
UTSELD! På innsida av kommandosentralen
aug.
31.

UTSELD! På innsida av kommandosentralen

Bli med inn i Akslafjellet!

Ålesunds største landemerke, byfjellet Aksla, sit på mange hemmelegheiter. Under 2. verdskrig, vart den største kommandosentralen mellom Bergen og Trondheim bygd ut inne i fjellet. Anlegget har stått urørt i mange år, men er ein av dei største kulturskattane med ei viktig historie som er viktig å formidle til neste generasjon. I samarbeid med Ålesund Sentrumsforening, inviterer Fjord Cadenza til en unik opplevelse langt inne i bunkersen under festivalen.

Vis arrangement →