Tilbake til alle arrangementer

GLO 2020 på Jentekolonien

I samarbeid med Ålesund kammermusikkfestival, vert det konsert med ensemblet GLO2020 på Jentekolonien 3. februar.

Den første INTRO-konsert i 2024 er ikkje mindre enn eit unikt møte med 4 av dei aller fremste av musikarar du kan få oppleve i dette landet! Det er noko heilt eige å få oppleve musikarar i verdsklasse på nært hald og derfor har vi lagt INTRO-konserten til Jentekolonien på Skodje. Kvartetten GLO2020 med verdskjende Per Arne Glorvigen i spissen kjem til å blåse deg over ende. Mottoet deira er «Kvalitetsmusikk for folk flest» så du treng ikkje kjenne på om dette går over hovudet på deg og gjengen din. Det gjer det garantert ikkje.

Desse skal du få oppleve:

Per Arne Glorvigen, bandoneon (eit lite trekkspelinstrument). Han er ein av dei fremste i verda på dette instrumentet. I tillegg er han ein utruleg inspirerande og leiken type som alltid byr på seg sjølv. Det er også han som står bak GLO 2020.

Christian Ihle Hadland, ein av fremste pianistane i Norge. For dei som var så heldige å få plass på «Heime hjå-konserten» under Fjord Cadenza 2023 så var det altså Christian som sat bak flygelet.

Bernt Ola Volunholen, baryton. Han er ein jovial, ung og kjekk operasongar frå Hedmarken som syng som ein gud. Han har gjort ei rekkje roller på Den Norske Opera og no kjem han for å synge på Jentekolonien.

Øyvind Gimse, ein av dei fremste cellistane i Noreg, har vore solist med dei store symfoniorkestra i landet og leia Trondheimsolistene 2004 – 2017. Og han spelar på ein av verdas mest kjende celloar: Ein Francesco Gofriller frå 1735.

Som alltid er INTRO-konsertane gratis og med graut på kjøpet. Ta med deg barn eller barnebarn. Alle er hjarteleg velkomne. Kvalitetsmusikk for folk flest har

Denne konserten er eit samarbeid med Ålesund kammermusikkfestival som går av stabelen 1. til 4. februar.

Intro-konsertane er støtta av Sparebanken Møre, Møre og Romsdal Fylkeskommune og Kulturrådet.

INTRO er Fjord Cadenza sitt tilbod til alle barnefamiliar gjennom heile året, med 6 konsertar årleg. INTRO handlar om å introdusere eit bredt utval av musikk til barn og unge. Dette gjer vi gjennom å legge til rette for musikkopplevingar der vi samarbeidar med kulturinstitusjonar og nokon av dei beste kunstnerane frå regionen. INTRO skal óg bidra til å skape nye, uventa kunstnariske samarbeid.

Forrige
Forrige
9. desember

Førjulsallsong på Gomerhuset

Neste
Neste
27. april

For full hals og med hendene i veret - allsongkonsert for dei yngste