GLO 2020 på Jentekolonien
feb.
3.

GLO 2020 på Jentekolonien

Den første INTRO-konsert i 2024 er ikkje mindre enn eit unikt møte med 4 av dei aller fremste av musikarar du kan få oppleve i dette landet! Det er noko heilt eige å få oppleve musikarar i verdsklasse på nært hald og derfor har vi lagt INTRO-konserten til Jentekolonien på Skodje.

Vis arrangement →
Førjulsallsong på Gomerhuset
des.
9.

Førjulsallsong på Gomerhuset

Vi gjentar suksessen frå i fjor og inviterer til ei skikkeleg sangstund for absolutt alle på Gomerhuset laurdag 9.12 kl 12. Kor ofte er det vi får synge av full hals, med den stemma vi har ilag med andre? Stadig sjeldnare, må vi vel sei. Men dette vil vi gjere noko med. Vi får god hjelp av Skodje blandakor, Skode skulekorps, Ferdafolk og Eli-Marita Håker så både englekor og basunar er sikra.

Vis arrangement →
INTRO: Opera-Markus til alle!
nov.
4.

INTRO: Opera-Markus til alle!

INTRO har denne gongen den store gleda av å invitere til eit varmt og nært møte med den strålande operasongaren Markus Bjørlykke frå Hareid.🤩 Han er ein utruleg dyktig og sjarmerande songar med eit herleg glimt i auge som vi vil at alle, uansett alder, skal få oppleve.✨

Vis arrangement →
INTRO: MiHelKen
sep.
2.

INTRO: MiHelKen

INTRO-konserten under festivalen er i år: MIHELKEN - “berre” slagverk. Eit unikt samarbeid mellom slagverkarane Miki Campins, Helge Nordbakken og Kenneth Ekornes. INTRO har invitert desse tre musikarne til eit eineståande musikalsk møte.

Vis arrangement →
INTRO | Marie Løvås i eigen person
apr.
22.

INTRO | Marie Løvås i eigen person

På den første INTRO-konserten i år er det låtskrivaren og musikaren Marie Løvås som kjem på besøk til INTRO-scena. Marie er busett i Oslo, men kjem frå Skodje og syng på klingande sunnmørsk. Ho skal sjølvsagt synge og spele musikken sin til oss, men vi skal óg få vite meir om korleis musikken hennar blir til. Kva er ho oppteken av og korleis lagar ho tekstane og melodiane sine? Marie gav ut albumet «Natta ser det som ingen ser» på Kirkelig kulturverksted i 2020. Marie har markert seg som ein solid låtskrivar og ho er personleg og var i formidlinga si. Vi gler oss til ei intim konsertoppleving med Marie og vener.

Vis arrangement →
INTRO | UL Fram: Jungelboka
okt.
8.

INTRO | UL Fram: Jungelboka

Vi er utruleg stolte av å invitere til musikalen Jungelboka med sjølvaste UL Fram!

Dette er eit unikt barne- og ungdomsteater som vil blåse deg av bana. 38 ungdommar mellom 12 og 16 år vil ta deg med på ei uforgløymeleg oppleving med denne udødelege klassikeren. Mowgli, Baloo, kong Louie – alle er dei med, og det i kostymer som du berre kan drøyme om!

Vis arrangement →
INTRO: Fargespill + Graut = sant
mai
7.

INTRO: Fargespill + Graut = sant

Laurdag 7. mai kl 12 er vi klare for å sleppe sjølvaste Fargespill inn dørene.

Her vert det dans, song, latter og leik frå heile verda. Ta med deg dei du kjenner og bli betre kjend med denne fantastiske gjengen. Du vil aldri gløyme det!

Dei kjem med smakebitar frå tidlegare framsyningar, og kanskje har dei noko nytt på gong? Den som kjem får sjå.

Ikkje tenk på matpakka, laurdagsgrauten står klar, som alltid. Alt gratis, takka vere Sparebanken Møre. Kan det bli betre?

Vis arrangement →