Med sagflis og høvelspon
Workshopstart kl 10:30
Konsertstart kl 12:00
Ensemblet
Sondre Ferstad - munnspel, fele, trekkspel
Håkon Aase - fele
Kirsti Huke - vokal
Helge Andreas Norbakken - perkusjon
Vegard Bjerkan - piano og trøorgel
Tore Reisch – øks, knivar, huljern og handborr
Oscar Udbye - live visuals
Tor Breivik - lyd
Konserten er støtta av Midtnorsk Jazzsenter og Sparebanken Møre
Har du kjent lukta av treflis i snekkerbua til bestefaren din? Den kjensla av at noko nytt skal ta form mellom hendene dine? No kan du sjølv vere med å skape musikk – med kniv, pinnar, stubbar og kontaktmikrofon!
Vi har gleda av å presentere eit heilt spesielt INTRO-arrangement der barna først får vere med på verkstad med kunstnar Tore Reisch. Her skal vi lage eit heilt nytt musikkinstrument saman, som blir brukt på konserten etterpå! Vi skal bruke kniv og spikke pinnar som vi festar i ein stubbe. Ein kontaktmikrofon forsterkar frekvensane i pinnane og lyden av dette heilt unike instrumentet skal blande seg med resten av musikken! Her handlar det om å skape sjølv med hendene – og vere ein del av ein musikalsk heilskap.
På konserten skal komponist og jazzmusikar Sondre Ferstad (oppvokst på Skodje) framføre delar av sitt kritikarroste verk Pieces of Wood saman med eit stjernelag av kunstnarar. Verket blei urframført under Trondheim Jazzfestival i 2024 og fekk strålande mottaking. Jazz i Norge’s musikkmeldar Arild R. Andersen skreiv at «denne konsertopplevelsen er en av disse jeg putter i kofferten og tar med meg hjem».
Ferstad spelar munnspel som hovudinstrument, men han er også ufaglært snekker og lidenskapeleg opptatt av treverk. Musikken nærast luktar treflis, den har tekstur og taktilitet. Han er ein utforskande og stilsikker musikar som er levande opptatt av berekraft. Musikken hans er luftig, filmatisk og melodisk, og beveger seg i eit univers mellom jazz, folkemusikk og noko heilt eige.
Dette blir ein dag full av skaparglede, der barna får oppleve korleis musikk ikkje berre handlar om å lytte, men også om å vere med å skape. Inga forkunnskapar trengst – berre lyst til å prøve noko nytt!
INTRO er Fjord Cadenza sitt tilbod til alle barnefamiliar gjennom heile året. INTRO handlar om å introdusere eit breitt utval av musikk til barn og unge. Dette gjer vi gjennom å legge til rette for musikkopplevingar der vi samarbeider med kulturinstitusjonar og nokre av dei beste kunstnarane frå regionen. INTRO skal også bidra til å skape nye, uventa kunstnariske samarbeid.
Prosjektet er gratis for alle, takka vere støtte frå Sparebanken Møre.