Tilbake til alle arrangementer

Bare Egil og Aslags enda mer superpopulære barneshow

Bare Egil og Aslag er to av våre mest røynde og folkekjære barneunderhaldnarar som i alle år har gledd og begeistret barn i alle aldrar med sitt superpopulære barneshow. "Morbid!" er eit ord borna gjerne brukar for å uttrykke si begeistring! No kjem endeleg oppfølgjaren til publikumssuksessen!

Her tek dei ungdommelege einnogfemtiåringane i bruk moderne verkemiddel som synth-trommer, keytar, sminke og TikTok-inspirerte dansesteg for om mogleg å kommunisere endå betre med den oppvaksande slekta. Dei trur at dersom dei berre har dette på plass vil dei oppnå suksess. Det viser seg likevel at det er kostbart å vere hipp og moderne, og derfor blir dei nøydde til å stele for å oppretthalde fasaden. Dei trur at dei må gje seg ut for å vere andre enn dei eigentleg er for å oppnå suksess. Med masse musikk, humor og ironi blir det fortalt ei historie om skyggesidene ved dagens samfunn der motepress og kunstige skjønnheitsideal gjennomsyrar alt.

"Bare" Egil Hegerberg og Aslag Guttormsgaard er to norske komikarar og artistar som har spelt saman i ei rekkje tiår i mange forskjellige band, mellom anna Hurra Torpedo, Bare Egil Band og Black Debbath. Dei to er også gjengangerar i alt frå Barne-TV (Lesekorpset, Sangfoni, Hønsemennene etc.), diverse speelfilmar (Hakkebakkeskogen, Svein og Rotta, Kule Kidz gråter ikke og Gilberts grusomme hemn etc.) og TV-show som Brille og Kongen befaler.

Forrige
Forrige
30. august

Førpremiere: Soundtrack to a Coup d'Etat

Neste
Neste
31. august

PREIK OG KINO: SOLISTENE