Tilbake til alle arrangementer

PREIK OG KINO: SOLISTENE

Kinohelg under Fjord Cadenza, i samarbeid med Løvenvold Theater! Har du billett til eit eller fleire arrangement under Fjord Cadenza, får du billettar til 100, -

Før filmen vert det ein samtale med solist Kateryna frå filmen og festivalsjef Hallvard. Korleis kan musikk gi håp og kjensle av felleskap i ei tid prega av krig og uro? Etter filmen framfører Kateryna frå filmen "Plyve Katcha" på fiolin. Dørene opnar 1 time før vising. Filmstart: 18:30

Om filmen: Vinnar av hovudprisen på Human internasjonale filmfestival 2025 Nært og gripande om eit orkester som vart krigsflyktningar over natta. 15 musikarar frå orkesteret «Kyiv Soloists» drar på det som skulle vere ein kort turné i Italia i februar 2022. Same natt invaderer Russland heimlandet deira. I kaoset som følgjer, avgjer dei seg for å utvide turnéen vidare i Europa, før Arktisk Filharmoni tilbyr dei hus og jobb i Bodø. Sjølv om pausen er etterlengta, er ho likevel mellombels. Musikarane må navigere sitt nye liv i limbo, og som flyktningar. Korleis skal dei ta val for framtida, når krigens herjar overskyggar alt?

Regissør Trond Kvig Andreassen har fått eit unikt og nært innblikk i eit orkester i oppløysing. Resultatet er ein varm dokumentarfilm som rører ved det innerste hjå publikum og som får ein til å reflektere over kva for val ein sjølv ville ha teke i same situasjon.

Forrige
Forrige
31. august

Bare Egil og Aslags enda mer superpopulære barneshow

Neste
Neste
31. august

Fosnavåg: Ein Draum - songar av Grieg og Schumann