Pressefoto / Bertil Tødenes
PrograM
Robert Schumann (1810–1856)
Dichterliebe, Op. 48
30 min
Frédéric Chopin (1810–1849)
Ballade nr. 2 i F-dur, Op. 38
7 min
Edvard Grieg (1843–1907)
Seks sanger, Op. 25
Dikt av Henrik Ibsen for sangstemme og klaver (1876)
15 min
Edvard Grieg (1843–1907)
Seks sanger, Op. 48
Tyske dikt for sangstemme og klaver (1884–1889)
15 min
EIN draum - Grieg og Schumann
Songar Bror Magnus Tødenes og pianist Olav Egge Brandal presenterer noko av den vakraste musikken skrive for song og piano.
«Dichterliebe» er ein songsyklus skrive i 1840 av Robert Schumann (1810- 1856). Det tyske ordet Dichterliebe kan omsettast til «diktarkjærleik». Schumann tonesette 20 songar etter dikt av Heinrich Heine, men når samlinga vart utgitt i 1844, var den korta ned til 16 songar.
Året 1840 vert kalla «liedejahr» -songåret. Då komponerte Schumann rundt 140 songar mens han venta på å gifte seg med si kjære Clara Wieck. Faren til Clara, Frederick Wieck, var sterkt kritisk til giftarmålet, og gjekk rettens veg for å unngå det. Det var i denne ventetida prega av frustrasjon og desperasjon at Schumann fekk sitt utløp i musikken. Heldigvis mislykkast Frederick Wieck, for Robert og Clara vart gift i september 1840.
«Seks songar op. 48» vart utgitt i 1889 av Edvard Grieg (1843- 1907). Songane har tysk tekst av Heine og Goethe. Studietida i Leipzig var for lengst forbi, og det var lenge sidan Grieg hadde nytta seg av det tyske språket. I samlinga finn vi ein av dei mest kjende songane hans - «Ein traum» (ein draum). Grieg skreiv også «Seks songar op. 25», også kjent som Ibsensongane. Desse er basert på Henrik Ibsens dikting, og handlar om kjærleikslengsel. Her er både alvor og leik, tungsinn og vemod. Desse kom til i ei tung periode i livet hans, då begge foreldra hadde nyleg gått vekk. «En Svane» og «Med en Vandlilje» er kjende songar frå denne samlinga.
-
Den norske tenoren Bror Magnus Tødenes er vidt rekna som ein av Skandinavias mest evnerike klassiske songarar dei seinare åra. Han er frå Eiksund, lengst sør på Hareidlandet, og starta på musikklinja på Fagerlia vidaregåande skule i 2009 som gitarist. Det vart straks oppdaga at han hadde ei stemme heilt utanom det vanlege – som skulle ta han frå dei vestlandske fjordane til verdas fremste operascener.
Tødenes debuterte som profesjonell operasongar berre 21 år gammal. Han har opptrådt på nokre av dei mest prestisjetunge operahusa i Europa, mellom anna på Wiener Staatsoper som Ismaele i Nabucco, på Opéra de Lyon som Macduff i Macbeth, og på Théâtre du Capitole de Toulouse, der han òg song roller som Lensky i Eugen Onegin og Tamino i Tryllefløyta.
Dei internasjonale engasjementa hans inkluderer Hylas i Les Troyens på Opéra national de Paris, Rinuccio i Gianni Schicchi og Rodolfo i La Bohème på Den Norske Opera – der han vende heim til norsk scene – og Carlo i Giovanna D'Arco på Copenhagen Opera Festival og Malmö Opera. Særleg bemerkelsesverdt er det at Tødenes opptrådte på den prestisjetunge Salzburg-festivalen som Sendebodet i Aida under dirigent Riccardo Muti, og song tittellrolla i La Clemenza di Tito på Nasjonalteateret i Praha.
-
Pianisten Olav Egge Brandal avslutta mastergraden ved Norges Musikkhøgskule i våren 2019. I arbeidet fordjupa han seg i Brahms klavermusikk, representert ved Klaverkvintett op. 34 og Klaversonate op. 5. Gjennom karriera har han spelt konsertar med profilar som Bror Magnus Tødenes, Lise Fjeldstad og Bjarte Engeset. Med sistnemnde som dirigent var han solist i Griegs klaverkonsert med Symfoniorkesteret i Volda i 2018. Med den nye tenorstjerna Tødenes har han opptrådd regelmessig dei siste par åra, til fulle hus og flotte kritikkar. Han har fått ros for sitt kraftfulle og energiske pianospel.
Gjennom studietida i Oslo har han hatt Einar Henning Smebye som sin mentor. I tillegg har han spelt for musikarar som Aquilles del Vigne, Håvard Gimse og Gunnilla Sussmann. Brandal var også med som ein av utøvarane på plata Kammerspill av Ketil Hvoslef, utgitt av Lawo Classics i 2018. Han har vunne ei rekke prisar og utmerkelsar for sitt spel, som Gnist- stipend, Talent-stipend og Draumestipend.