Har du tenkt på korleis bekkane syng? Bli med på ei konsertoppleving der vatnet sjølv er hovudperson. Vokalgruppa Stemmeklang framfører verket "Surlande/tiklande/hullande - du vildrande, tislande bekk" eit verk for fem damestemmer og bekk av Therese Birkelund Ulvo. I tillegg får du også høyre anna vokalmusikk skapt i samtid, i samspel med bekkens eigen sang.