Tilbake til alle arrangementer

Frigjeringsjubileet - The Wartime Songbook med the D-Day Darlings

  • Norddal gruvemuseum 1 Sekundær Fylkesvei 91 Norddal, Møre og Romsdal, 6214 Norway (kart)

Pressefoto

Ein hyllest til frigjeringa og håpets songar

Ta ei reise tilbake til ein av historias mest avgjerande periodar med Storbritannias mest elska krigstidskor, The D-Day Darlings! Denne unike konserten feirar frigjeringsjubileet med dei songane som gav håp, trøyst og styrke til ein heil generasjon.

Opplev dei tidlause melodiane som definerte ein æra og gav generasjonar håp i mørke tider. Programmet inkluderer ikoniske songar som:

Vera Lynn-klassikarar:

  • «White Cliffs of Dover» - håpets hymne

  • «We'll Meet Again» - løftet om attmøte

  • «A Nightingale Sang in Berkeley Square» - kjærleik i krigstid

Swing-æraens hits:

  • «In the Mood» og «Chattanooga Choo Choo» frå Glenn Miller-æraen

  • «Boogie Woogie Bugle Boy» - The Andrews Sisters sin energiske klassikar

  • «Beer Barrel Polka» - den muntre dansen som løfta stemninga

  • «Paper Moon» og «Lady is a Tramp» - jazz-standardar framført som solo-innslag

  • «Don't Sit Under the Apple Tree» - heimefrontens melankoli

The D-Day Darlings held krigstidsånda i live med sin autentiske og respektfulle tilnærming til denne viktige musikkarven. Med sin patriotiske energi og lidenskap for å heidre veteranar, bringar gruppa lyden og kjensla frå fordoms æra inn i moderne tid.

Denne konserten er gjort mogleg gjennom ei generøs gåve frå Steinar Engeset.

  • The D-Day Darlings blei danna for over ti år sidan av Katie Ashby, og blei verdskjende etter å ha nådd finalen i Britain's Got Talent i 2018. Som den bestseljande kvinnegruppa frå programmet, fekk dei platekontrakt med Sony Music UK og debutalbumet I'll Remember You nådde 5. plass på albumlistene. Med Dame Vera Lynn si velsigning, og som offisielle innsamlingsarbeidarar for The Royal British Legion, har gruppa blitt Storbritannias mest elska «sweethearts».

    Til Fjord Cadenza kjem D-day darlings med følgende besetning

    Katie Asby
    Alana Shirley
    Anna Marie Pinnel
    Charlotte Mckay
    Kylie Bates

  • Sidan 2019 har Fjord Cadenza hatt årlege konsertar i fantastiske Dale Gruvemuseum, også kalla for «Gruva i Norddal». Eldsjela Halvard Eide har gjennom fleire tiår bygd opp ei heilt unik samling av bergartar, mineral og smykkesteinar, samt eit geologisk arkiv på eigedomen, som ligg ein knapp kilometer oppe i dalen frå fjorden. Sjølve gruva, den heilt spesielle arenaen, har husa nokre ikoniske konsertar under Fjord Cadenza, mellom anna i 2023 når Frode Fjellheim, Hildegunn Øiseth og Engegårdkvartetten gjorde eit heilt nytt samarbeid, og i 2022 når Ålesund kammerkor og Odd Johan Overøye sette opp «Songen langs fjorden» i ny drakt.

Forrige
Forrige
29. august

Vetle Nærø SOLO

Neste
Neste
29. august

FÅ BILLETTAR // Thomas Dybdahl med band