Tilbake til alle arrangementer

Mozart og Piazzolla i bystyresalen

  • Bystyresalen, Ålesund rådhus 13 Keiser Wilhelms gate Ålesund, Møre og Romsdal, 6003 Norway (kart)

Foto: Je Won Kim

Kjøp billettar

Program

Wolfgang Amadeus Mozart (1756-1791)
Symfoni nr. 40 i g-moll, KV 550

Ástor Piazzolla (1921-1992)
Cuatro Estaciones Porteñas
(Fire årstider fra Buenos Aires)

Medverkande:

Eldbjørg Hemsing - fiolinsolist

Rune Bergmann - dirigent

TrondheimSolistene

Blåsarar frå Sjøforsvarets musikkorps

Opplev Mozarts dramatiske Symfoni 40 og Piazzollas lidenskapelege Fire årstider i Ålesunds bystyresal, som blir forvandla til konsertsal for høvet. Den internasjonalt anerkjende fiolinisten Eldbjørg Hemsing leier TrondheimSolistene gjennom ei musikalsk reise frå Wiens klassiske eleganse til Buenos Aires sine årstider.

Eldbjørg Hemsing og TrondheimSolistene, forsterka med blåsarar frå Sjøforsvarets musikkorps, gir oss ein heilt unik kveld - eit intimt møte mellom publikum og musikk i eit rom der viktige avgjerder vanlegvis blir tekne, men i kveld blir fylt med store kjensler - og samspel. Har du ikkje vore i denne salen før, er dette eit gyldent høve!

Mozart skreiv sin g-moll-symfoni i ein av sine mørkaste periodar, medan Piazzolla gav Vivaldis kjende årstider eit moderne, argentinsk preg. To geni sine møte med tida - den eine æveleg, den andre revolusjonerande.

  • Eldbjørg Hemsing er ei glitrande stjerne av ein fiolinist her heime - men denne norske virtuosen har òg eit strålande renommé internasjonalt sett. Ho debuterte som orkestersolist i 2001, berre 11 år gammal, då ho spelte saman med Bergen filharmoniske orkester, Trondheim symfoniorkester og Ashland Symphony Orchestra. Sidan har det gått slag i slag.

    35-åringen har no gitt ut fire album, alle prisvinnande, og speler på scener i alle stader frå London til Beijing - og enno, enno fleire. BBC Music Magazine omtalar framføringane hennar som «radiant and sophisticated performances» - glødande og sofistikerte - og i 2024 og 2025 speler ho mellom anna med Taipei Symphony Orchestra, Orchestra of St. Luke’s i David Geffen Hall i New York, BBC National Orchestra of Wales, Südwestdeutsche Philharmonie Konstanz, samt Oslo-filharmonien og Stavanger Symfoniorkester, berre for å nemne nokre. Ho har vunne to Spellemannsprisar, og komponisten Tan Dun - som forøvrig komponerte det Oscar-vinnande lydsporet for filmen «Crouching Tiger, Hidden Dragon» - komponerte stykket «Fire Ritual» spesielt for Hemsing.

    Å få med seg Eldbjørg Hemsing spele er å få med seg ein musikar som verkeleg set Noreg og klassisk musikk på kartet, i ein og same sleng.

  • Vår kunstnariske leiar Rune Bergmann -

    Han har no heile verda som sin arbeidsplass, og er ein av vår tids mest prominente dirigentar. Rune har vore sjefsdirigent i mellom anna Szczecin, Argovia og Calgary dei siste åra. Han har dirigert eit tital av dei største orkestra både i Europa og USA og arbeider dagleg med dei største solistane på den klassiske stjernehimmelen. Bergmann har i tillegg vore engasjert ved fleire universitet som gjesteprofessor.
    Ein dynamisk og fleksibel dirigent med eit omfangsrikt utval innan klassisk, romantisk, opera og samtidsmusikk. Same kva slags musikalsk stilart som vert framført, er orkestera si tyding alltid energisk og engasjerande under leiing av Rune Bergmann.

  • TRONDHEIMSOLISTENE

    Det heile starta i 1988 med musikkprofessor Bjarne Fiskum frå Trondheim. Hans evne til å finne talentfulle unge musikarar og gi dei ferdigheiter til å prestere på sitt beste, blei drivkrafta bak ensemblets tidlege suksess. Øyvind Gimse vidareførte jobben som kunstnarisk leiar og skapte spennande og nyskapande prosjekt. Ensemblet blei snart kjent for energi og varme - på den første utanlandsturneen ville ikkje London-publikummet slutte å klappe.

    TrondheimSolistene blei profesjonelle, men ungdomsånda heldt seg, og studentmusikarar blei ein del av grunnlaget deira. Store samarbeid følgde - Anne-Sophie Mutter søkte ut energien og gløden deira, og mange andre fann inspirasjon i openheita og følsemda deira.

    Geir Inge Lotsberg, kunstnarisk leiar sidan 2017, innførte ny grundigheit i ensemblet og tok dei ned ukjende musikalske stiar. Som kunstnarisk partner brakte den dynamiske cellisten Alisa Weilerstein nye dimensjonar til lyd og tankesett. Siden 2024 er det Guro Kleven Hagen som er kunstnarisk leiar for ensemblet.

    TrondheimSolistene er anerkjende for å representere kammermusikk på høgaste nivå. Det som gjer dei unike er at Trondheim alltid skin gjennom - den nære tilknytinga til byen, naturen og Noregs skiftande årstider er nøyaktig det ein høyrer i den umiskjennelege Trondheim-lyden: ein autentisk, ærleg og oppkvikkande framføring.

    SJØFORSVARETS MUSIKKORPS

    Det bergensbaserte profesjonelle ensemblet Sjøforsvarets musikkorps har etter kvart blitt ein viktig del av Fjord Cadenza sine storskala produksjonar, med både eigne konsertar og konsertar saman med profilar som Odd Nordstoga, Anneli Drecker og Magne Furuholmen.

    Sjøforsvarets musikkorps er eitt av fem profesjonelle musikkorps i Forsvaret. Ensemblet er særs dynamisk og held konsertar over heile Vestlandet, i tillegg til å løyse seremonielle oppdrag for Forsvaret.

    Korpset har særleg utmerka seg innan ny musikk, mellom anna med kritikarhylla musikkalbum, festivaldeltakingar og urframføringar – og ikkje minst utneminga som årets utøvar av Norsk Komponistforening i 2008.

 
Gammalgrass Widget

Gammalgrass på Fabrikken

Fortsett kvelden
Gammalgrass er ein supertrio i ordets rette forstand. Stian Carstensen, Ola Kvernberg og Ole Morten Vågan kastar seg over bluegrass, folkemusikk og mykje anna, med ein forførande cocktail av tonespråk og utrydningstrua taktartar!
📍 Fabrikken kulturscene
Les meir & billettar →
Vi har tilrettelagt slik at du rekk
Gammalgrass etter Bystyresalen
Forrige
Forrige
28. august

Frigjeringsjubileet - The Wartime Songbook med D-Day Darlings i Fosnavåg

Neste
Neste
28. august

Gammalgrass på Fabrikken kulturscene