Tilbake til alle arrangementer

Frigjeringsjubileet - The Wartime Songbook med D-Day Darlings i Fosnavåg

Pressefoto

Ein hyllest til frigjeringa og håpets songar

Ta ei reise tilbake til ein av historias mest avgjerande periodar med Storbritannias mest elska krigstidskor, The D-Day Darlings! Denne unike konserten feirar frigjeringsjubileet med dei songane som gav håp, trøyst og styrke til ein heil generasjon.

Opplev dei tidlause melodiane som definerte ein æra og gav generasjonar håp i mørke tider. Programmet inkluderer ikoniske songar som:

Vera Lynn-klassikarar:

  • «White Cliffs of Dover» - håpets hymne

  • «We'll Meet Again» - løftet om attmøte

  • «A Nightingale Sang in Berkeley Square» - kjærleik i krigstid

Swing-æraens hits:

  • «In the Mood» og «Chattanooga Choo Choo» frå Glenn Miller-æraen

  • «Boogie Woogie Bugle Boy» - The Andrews Sisters sin energiske klassikar

  • «Beer Barrel Polka» - den muntre dansen som løfta stemninga

  • «Paper Moon» og «Lady is a Tramp» - jazz-standardar framført som solo-innslag

  • «Don't Sit Under the Apple Tree» - heimefrontens melankoli

The D-Day Darlings held krigstidsånda i live med sin autentiske og respektfulle tilnærming til denne viktige musikkarven. Med sin patriotiske energi og lidenskap for å heidre veteranar, bringar gruppa lyden og kjensla frå fordoms æra inn i moderne tid.

Denne konserten er gjort mogleg gjennom ei generøs gåve frå Per Sævik.

  • The D-Day Darlings blei danna for over ti år sidan av Katie Ashby, og blei verdskjende etter å ha nådd finalen i Britain's Got Talent i 2018. Som den bestseljande kvinnegruppa frå programmet, fekk dei platekontrakt med Sony Music UK og debutalbumet I'll Remember You nådde 5. plass på albumlistene. Med Dame Vera Lynn si velsigning, og som offisielle innsamlingsarbeidarar for The Royal British Legion, har gruppa blitt Storbritannias mest elska «sweethearts».

    Til Fjord Cadenza kjem D-day darlings med følgende besetning

    Katie Asby
    Alana Shirley
    Anna Marie Pinnel
    Charlotte Mckay
    Kylie Bates

 
Forrige
Forrige
27. august

Opningskonsert: Lyden av Fjord Cadenza // Ola Kvernberg, TrondheimSolistene & gjestar

Neste
Neste
28. august

Mozart og Piazzolla i bystyresalen