Foto: Nikolai Grasaasen
Årets store festkonsert under Fjord Cadenza er med sjølvaste Odd René Andersen! Han vert omtala som Norges beste soulsongar, med ei heilt unik stemme. I 2023 gjekk han av med sigeren i Stjernekamp, og gjennom heile sesongen viste han oss at han fordypar seg i melodiane og gjer dei til sine eigne – uansett kva sjanger han syng.
Sjøforsvarets musikkorps har etter kvart blitt eit kjært bekjentskap for Fjord Cadenza og festivalens publikum, og ein særs viktig del av våre storproduksjonar. Kjemien mellom vår eigen stjernedirigent Rune og Sjøforsvaret er så god at dei berre MÅTTE tilbake i år igjen, og det er ingenting vi gler oss meir over!
-
Han vert omtala som Norges beste soulsongar, med ei heilt unik stemme. Han har særeigen evne til å kommunisere med og målbinde publikum. I 2023 gjekk han av med sigeren i Stjernekamp, og gjennom heile sesongen viste han oss at han fordypar seg i melodiane og gjer dei til sine eigne – uansett kva sjanger han syng.
Odd René har vore soloartist sidan 1996, og har hatt utallege radiohits sidan den gong. Han har dessutan vore supportartist for storleikar som Tina Turner, Joe Cocker og John Hiatt. Odd René var også spesielt utvald korist for Paul McCartney under fredspriskonserten i Oslo Spektrum i 2001.
Odd René har ei særeigen evne til å setje akkurat den stemninga han er ute etter å gi publikum, og du skal ikkje sjå heilt bort ifrå at du forlèt konsertsalen litt varmare om hjartet enn då du gjekk inn.
-
Det bergensbaserte profesjonelle ensemblet Sjøforsvarets musikkorps har etter kvart blitt ein viktig del av Fjord Cadenza sine storskala produksjonar, med både eigne konsertar og konsertar saman med profilar som Odd Nordstoga, Anneli Drecker og Magne Furuholmen.
Sjøforsvarets musikkorps er eitt av fem profesjonelle musikkorps i Forsvaret. Ensemblet er særs dynamisk og held konsertar over heile Vestlandet, i tillegg til å løyse seremonielle oppdrag for Forsvaret.
Korpset har særleg utmerka seg innan ny musikk, mellom anna med kritikarhylla musikkalbum, festivaldeltakingar og urframføringar – og ikkje minst utneminga som årets utøvar av Norsk Komponistforening i 2008.