Pressefoto
Kjekt å vite
- Varigheit: ca. 50 minutt (dørene opnar 60 minutt før konsertstart for dei som vil oppleve lokalet i forkant)
- Førstemann til mølla-prinsippet
- Tilgjengelegheit: Lokalet er ikkje tilpassa rullestolbrukarar. Det er ei trapp på ca. 10 trinn for å komme ned i konsertlokalet. Det er heller ikkje toalettfasilitetar i lokalet
- Lokalet er ikkje oppvarma og held ein temperatur på 13-15 grader. Kle deg godt!
Bli med inn i Aksla!
Ålesunds største landemerke, byfjellet Aksla, sit på mange hemmelegheiter. Sidan 1945 har innsida av fjellet stått meir eller mindre urørt. I samarbeid med Stiftelsen Kommandosentralen og Tonehimmel arrangerar vi konsert i ein av byens mest sagnomsuste stadar.
Stemmeklang er ein vokalkvintett som vart starta i 2009, med mål om å utforske romlige, klanglege og akustiske parametrar i Emanuel Vigelands museum, der dei har halde over 50 konsertar. Dei samarbeider med ulike ensembel, og songarane har bakgrunn frå sjangrar som klassisk og samtidsmusikk, visesongar og musikal.
Stemmeklang består av:
Kristin Bolstad
Karoline Gullberg
Julie Kleive
Linnea Sundfær Casserly
Gabrielle Sørensen
Prosjektet er i samarbeid med festivalen tonehimmel og Stiftelsen Kommandosentralen i Byfjellet Aksla