Medverkende
Jan Løkkeborg, prest
Marc Labruijere, orgel
Magne Fremmerlid, sang
Ferdafolk (Knut Ivar Bøe, trekkspill og Ingunn Linge Valldal, fele
Miki Campins, perkusjon
Rolf Baltzersen, kontrabass
Årets festivalgudstjeneste vert ei folkemusikkmesse med musikk frå Henning Sommerros "Vindens hjul", samt musikk frå Stafset-samlinga. Messa blei skrive til Røros sitt 350-årsjubileum i 1994.
"Vindens hjul" er eit unikt vekselspel mellom liturgi, folkelig gammeldansmusikk, messetekstar, improvisasjon, kor og menighetssong. Verket er inspirert av gruvemiljøet på Røros og Johan Falkbergets forteljingar, der folkemusikken møter den europeiske kunstmusikken i ein frodig lokal musikktradisjon.
Messa gir stort rom for improvisasjon mellom dei faste delane, og framstår ulikt kvar gong ho vert framført - prega av dei som medverkar. Det skapar ein særskild stemning der publikum nesten ikkje kan la vere å trampe takten.
Kom og opplev denne unike folkemusikkmessa som har rørt publikum både i innland og utland gjennom 30 år.