Tilbake til alle arrangementer
Foto: Eystein Drønnesund
OBS - Dørene opnar kl. 20:00; showet startar kl. 21:30.
OperaPub er ein fantastisk måte å oppleve opera på! Anten du aldri har opplevd sjangeren, om du et opera til frukost, eller noko midt i mellom, er dette noko som må opplevast. Dette er eit høve til å kome tett på nokre av Noregs største operasongarar, og møte sjangeren i ei uformell drakt.
Tapas til kvelden?
Skrøppatausene tek med seg herlege tapasbrett til puben – og det kan ein bestille i forkant!
Medverkande under konserten
Charlotte Fongen
Magne Fremmerlid
Bjørnar Myhr