Kinohelg under Fjord Cadenza, i samarbeid med Løvenvold Theater! Har du billett til eit eller fleire arrangement under Fjord Cadenza, får du billettar til 100, -
Dørene opnar 1 time før visinng. Filmstart: 17:00
Om filmen: Dette er historia bak ei av tidenes mest selde jazzplater
Köln 75 fortel den sanne historia bak ei av tidenes mest selde jazzplater, Keith Jarretts The Köln Concert frå 1975. Konserten var nær ved å bli avlyst – heilt til ein drivande engasjert tysk tenåring, den 18 år gamle Vera Brandes, set alt inn og skapar føresetnadene for at eit mesterverk kan oppstå. Vera, som framleis går på skule då ho byrjar å produsere og promotere konsertar i Köln, risikerer alt for å få denne kvelden til å skje. Alt ser ut til å gå imot henne, men Vera trur på musikken sin kraft – og ho har aldri sett nokon spele slik Keith Jarrett spelar.