Janove ved flygelet
Eit samarbeid mellom Fjord Cadenza og Parken Kulturhus
Etter fleire år med store konsertar med Kaizers Orchestra på landets største scener, tek Janove i sommar turen til Fjord Cadenza for å gje oss eit nært og meir personleg møte med ein av landets mest ikoniske artistar.
Åleine ved flygelet inviterer han publikum tett på låtane, slik dei opphavleg vart skrivne. Publikum kan vente seg eit repertoar som spenner over heile karriera, frå Kaizers Orchestra til soloutgjevingar og andre prosjekt.
– Det er ein eigen magi i å spele songane slik dei vart skapte, ved pianoet, i si reinaste form. Eg gler meg til å dele både musikken og historiene bak han, seier Janove.
Med ei karriere som strekkjer seg over meir enn to tiår, har Janove bygd opp ein omfattande katalog. Konserten gjev rom for både kjende låtar og nye tolkingar, i eit format som skil seg frå dei større produksjonane han elles er kjend for.
Dette vert ei sjeldan høve til å oppleve Janove i eit nært og akustisk format.