Tilbake til alle arrangementer

Sondre Ferstad - Pieces of Wood

  • Gomerhuset Stadionvegen 25 (kart)
Billettar

Pieces of Wood

Pieces of Wood er ei audiovisuell konsertframsyning. Musikk, trearbeid og live videokunst fyller ut og utvidar kvarandre til eitt felles kunstuttrykk.

På scena står ein trekunstnar saman med musikarane og skjer i ein treemne med knivar og huljern. Dunkinga frå treklubba blandar seg med musikken medan bakveggen blir fylt med live-improvisert film som syar konserten saman til ei heilskapleg filmatisk framsyning.

Verket er skriven av musikar og komponist Sondre Ferstad, for eit handplukka lag. Det er komponert som eitt langt stykke, i eit luftig, filmatisk, snirklete og melodisk univers. Medan musikken går kan publikum følgje trekunstnar Tore Reisch i hans utforming av eit tre-landskap - både med det blotte auge og gjennom videokunstnar Oscar Udbye sine live visuals.

Ensemble

Sondre Ferstad - munnspel, fele, trekkspel

Håkon Aase - fele

Kirsti Huke - vokal

Helge Andreas Norbakken - perkusjon

Vegard Bjerkan - piano og trøorgel

Tore Reisch – øks, knivar, huljern og handborr

Oscar Udbye - live visuals

Tor Breivik - lyd

Konserten er støtta av Midtnorsk Jazzsenter

Verket er bestilt av Trondheim Jazzfestival og hadde premiere 10. mai 2024 på Trykkeriet Scene.

Støttespelarar er Kulturdirektoratet, Fond for Lyd og bilde, Trondheim Kommune og BERRE.

Denne konserten er eit samarbeid mellom Fjord Cadenza og Jazzsirkelen.

Sondre Ferstad er fødd 9. februar 1991 og oppvaksen på Skodje på Sunnmøre.

Han har gitt ut to album i eige namn, derav det første eit bestillingsverk til Poesiscena i Ålesund (2018), der han delte scene med forfattar Lars Saabye Christensen, som las i samspel med ensemblet. Med "Pieces of Wood" leverer han eit nytt bestillingsverk som kombinerer fleire kunstformer, og det er gledeleg at musikken blir spelt inn til hans tredje album vinteren 2026.

Sondre har sin bachelorgrad frå Jazzlinja NTNU (2017) med kromatisk munnspel som hovudinstrument.

Frå urframsyning, Jazzfest 2024

Foto: Thor Egil Leirtrø / Jazzfest (2024)

Forrige
Forrige
31. august

Fosnavåg: Ein Draum - songar av Grieg og Schumann