Pressefoto / Andre Løyning
Etter bortgangen av festivalens grunleggar Jens Moe var det viktig for oss å hedre historia til festivalen gjennom årets opningskonsert, som vi kallar "Lyden av Fjord Cadenza" – ein konsert som hyller både arva frå festivalen og det musikalske uttrykket som har prega oss gjennom åra.
Ei hyllest til festivalens røter
Kva handla Fjord Cadenza eigentleg om, og korleis kan vi under årets opningskonsert hedre festivalens historie? Frå byrjinga var Fjord Cadenza først og fremst ein sommarskule for unge talent. Dette arvet blir ført vidare når vi inviterer Indre Strøk og deltakarar ved Ålesund orkesterskule til ein "Side by Side"-konsert saman med TrondheimSolistene – der erfarne musikarar og komande talent spelar saman som likeverdige partnarar.
Ola Kvernberg – frå stipendmottakar til hovudartist
Kveldens store høgdepunkt er Ola Kvernbergs tilbakekomst til Fjord Cadenza. Jens Moe var ein superfan av Ola frå tidleg alder, og Ola mottok festivalens første talentstipend i 1994. Han var fleire gonger på festivalen på 90-talet, med si siste framsyning i 2001 – ein eigen swing-jazzkonsert som mange hugsar med glede.
I dag er Ola Kvernberg anerkjend som ein av Noregs mest framståande jazzfiolinistar og multiinstrumentalister. Født i Fræna utanfor Molde i 1981, byrja han å spele klassisk fiolin som seksåring og har røter i folkemusikken frå morfaren sin, Peter L. Rypdal. Han vann tredjepris i ein stor klassisk fiolinkonkurranse i Italia som 14-åring, men "oppdaga" jazzen to år seinare.
Fjord Cadenza er stolte av å ha vore med å følge Ola Kvernberg gjennom åra, og vi trur Jens Moe ville sett stor pris på at han no kjem tilbake og har ein sentral rolle i årets Fjord Cadenza.
Overraskingar frå festivalens vener
"Lyden av Fjord Cadenza" tyder også at kjende stemmer og instrument frå festivalens historie kjem tilbake. Rune Bergmann, Magne Fremmerlid og Charlotte Fongen byr på overraskingar saman med TrondheimSolistene, og bidreg til å skape den varme, inkluderande atmosfæren som alltid har kjenneteikna festivalen.
Program annonserast seinare
Medverkande:
TrondheimSolistene
Ola Kvernberg - fiolinsolist
Magne Fremmerlid - vokal
Charlotte Fongen - vokal
Rune Bergmann - trompet
Indre Strøk - strykeorkester
-
Det heile starta i 1988 med musikkprofessor Bjarne Fiskum frå Trondheim. Hans evne til å finne talentfulle unge musikarar og gi dei ferdigheiter til å prestere på sitt beste, blei drivkrafta bak ensemblets tidlege suksess. Øyvind Gimse vidareførte jobben som kunstnarisk leiar og skapte spennande og nyskapande prosjekt. Ensemblet blei snart kjent for energi og varme - på den første utanlandsturneen ville ikkje London-publikummet slutte å klappe.
TrondheimSolistene blei profesjonelle, men ungdomsånda heldt seg, og studentmusikarar blei ein del av grunnlaget deira. Store samarbeid følgde - Anne-Sophie Mutter søkte ut energien og gløden deira, og mange andre fann inspirasjon i openheita og følsemda deira.
Geir Inge Lotsberg, kunstnarisk leiar sidan 2017, innførte ny grundigheit i ensemblet og tok dei ned ukjende musikalske stiar. Som kunstnarisk partner brakte den dynamiske cellisten Alisa Weilerstein nye dimensjonar til lyd og tankesett.
I dag er det Guro Kleven Hagen som
TrondheimSolistene er anerkjende for å representere kammermusikk på høgaste nivå. Det som gjer dei unike er at Trondheim alltid skin gjennom - den nære tilknytinga til byen, naturen og Noregs skiftande årstider er nøyaktig det ein høyrer i den umiskjennelege Trondheim-lyden: ein autentisk, ærleg og oppkvikkande framføring.
-
Kveldens store høgdepunkt er Ola Kvernbergs tilbakekomst til Fjord Cadenza. Jens Moe var ein superfan av Ola frå tidleg alder, og Ola mottok festivalens første talentstipend i 1994. Han var fleire gonger på festivalen på 90-talet, med si siste framsyning i 2001 – ein eigen swing-jazzkonsert som mange hugsar med glede.
I dag er Ola Kvernberg anerkjend som ein av Noregs mest framståande jazzfiolinistar og multiinstrumentalister. Født i Fræna utanfor Molde i 1981, byrja han å spele klassisk fiolin som seksåring og har røter i folkemusikken frå morfaren sin, Peter L. Rypdal. Han vann tredjepris i ein stor klassisk fiolinkonkurranse i Italia som 14-åring, men "oppdaga" jazzen to år seinare.
Kvernberg har eit uttrykk som har beveget seg mellom Django Reinhardt-inspirert "string swing", folkemusikk og moderne jazz, ofte med innslag av rock og filmmusikk. Han mottok Spellemannpris i jazzklassen for albumet Liarbird i 2011 og i kategorien alternativ pop/rock for Steamdome II: The Hypogean i 2021. Som filmkomponist har han òg fått Amandaprisen for musikken til "Jag etter vind".
-
Vår kunstnariske leiar Rune Bergmann -
Han har no heile verda som sin arbeidsplass, og er ein av vår tids mest prominente dirigentar. Rune har vore sjefsdirigent i mellom anna Szczecin, Argovia og Calgary dei siste åra. Han har dirigert eit tital av dei største orkestra både i Europa og USA og arbeider dagleg med dei største solistane på den klassiske stjernehimmelen. Bergmann har i tillegg vore engasjert ved fleire universitet som gjesteprofessor.
Ein dynamisk og fleksibel dirigent med eit omfangsrikt utval innan klassisk, romantisk, opera og samtidsmusikk. Same kva slags musikalsk stilart som vert framført, er orkestera si tyding alltid energisk og engasjerande under leiing av Rune Bergmann.Vi tenkjer alle på Rune som dirigent, men visste du at han og har vore trompetist på profesjonelt nivå? På denne konserten får vi høyre Rune ta fram trompeten igjen, i samspel med TrondheimSolistene.
-
Det vert ikkje Fjord Cadenza utan Magne og Charlotte!
Tryllefløyten, La bohème, Don Giovanni og Den flyvende Hollender. Magne Fremmerlid leikar ikkje opera.I følge Magne sjølv treng ein opera når livet blir for lett å leve. Vi synest sangen til Magne bør høyrast så ofte sjansen byr seg. Under årets Fjord Cadenza blir han å sjå på fleire ulike arrangement. Mellom anna gjentek han suksessen med Operapub, som du i år kan få med deg både på Teaterfabrikken i Ålesund og på Nerskøyløa i Skodje.
Sidan 1998 har Magne Fremmerlid vore fast tilknytt solistensemblet ved Nasjonaloperaen. På repertoaret står minneverdige roller som Scarpia i Tosca, Sarasto i Tryllefløyten, Colline i La boheme, Kommandanten i Don Giovanni, Fafner i Rhingullet, Gagen i Götterdämmerung, Vannånden i Rusalka, Kong marke i Tristan og Isolde, Hermann i Tannhauser, Stuart i Jorden rundt på 80 dager og Tempo/Nettuno i Ulysses vender hjem.
Fremmerlid sitt sjangermessige spenn er breitt og inkluderer både tørrfiskoperaen Querini og jazzoperaen Storkaren, framført samans med Brazz Brothers under Fjord Cadenza i 2012. Han er i tillegg ein etterspurt konsert- og oritoriesongar, og har vore solist med Oslo-filharmonien ei rekkje gongar.
Charlotte Fongen er godt bereist innen klassisk musikk. Ho har gjort ei rekke roller på Den Norske Opera, Operaen i Kristiansund og ved fleire ulike operaer i Danmark. Ho er ein dyktig Oriatorie-songar og har sunge samans med dei beste orkestera Noreg har å by på.
I 2008 dirigerte ho «Fengselskoret» for TVNorge, og ho har vore dirigent for ei rekke kor dei siste 20 åra. Ho er engasjert som pedagog i Dissimilis og skreiv operaen «Jenny - en annerledes opera», som vart sett opp på operaen i Bjørvika, hausten 2008.
Solistutdanninga har ho frå Norges Musikkhøyskole, der ho tok si diplom-songutdanning i 1992. Ho har også studert ved Østlandets Musikkonservatorium og ved Barratt Dues Musikkinstitutt. Allereie som 5-åring sang ho i NRK sitt Pikekor, under leiing av Marie Foss. I løpet av 16 år var ho med i mange TV-framsyningar, konkurransar og turnear i Europa og USA.
-
Indre Strøk er regionens eige strykeorkester for unge lovende musikarar. Orkesteret er leia av cellist Samuel Skrede og vert å sjå saman med TrondheimSolistane på delar av opningskonserten - i ekte Fjord Cadenza-ånd.
Foto Ola Kvernberg: Ole Martin Wold
Foto Rune Bergmann: Piotr Cabaj
Foto Magne Fremmerlid og Charlotte Fongen: Eystein Drønnesund