For full hals og med hendene i veret!

INTRO og Syngende kommune Ålesund inviterar alle barnehagar i Ålesund Kommune til allsangkonsert i april – for alle 5- og 6-åringar i kommunen.

I april fyller hundrevis av born frå barnehagar i kommunen Gomerhuset og Parken Kulturhus, og syng for full hals saman med profesjonelle musikaraR

Konsertane finn stad to stader: Parken kulturhus 15. april og Gomerhuset 22. april, og er eit samarbeid mellom INTRO / Fjord Cadenza og Syngende kommune Ålesund.

I forkant av konsertane har kvar barnehage fått tilsendt songhefte og lydfiler, slik at borna har kunna øve på songar på nynorsk og bokmål – frå eldre klassiske barnesongar til nyare repertoar. På konsertdagen møter dei profesjonelle musikarar og skodespelarar som sørgjer for god stemning og mykje engasjement.

Dette er INTRO sitt tilbod til barn og familiar i regionen – musikkopplevingar av høg kvalitet, tilgjengelege for alle.

Neste
Neste

Årsmøte i Fjord Cadenza