Vil du jobbe med oss? Fjord Cadenza og Høstscena søkjer festivalmedarbeidar
Vil du jobbe med oss? Fjord Cadenza og Høstscena søkjer festivalmedarbeidar
Fjord Cadenza og scenekunstfestivalen Høstscena går saman om eit felles utviklingsløp fram mot 2028, og søkjer no ein festivalmedarbeidar i to rollar: produksjonsleder/produsent og kommunikasjonsansvarleg – begge i 50 %, men mogleg å søkje som kombinert 100 %-stilling.
Om stillinga
Som ein del av dette samarbeidet vil du arbeide på tvers av to etablerte festivalorganisasjonar, med ei rolle som er både operativ og utviklingsorientert. Festivalane har dagleg base på Sentralen i Oslo, samstundes som festivalledinga er mykje til stades i Ålesund og regionen. Full tilstadeværelse i Ålesund er påkravd veke 34 og veke 39. Det er mogleg å vere busett andre stader i landet.
Produksjonsleder/produsent (50 %)
Hovudansvaret er planlegging og gjennomføring av festivalane. Arbeidsoppgåvene inkluderer koordinering av produksjon, logistikk og avvikling, oppfølging av kontraktar, budsjett og leverandørar, samt utvikling av produksjonsmodellar og arbeidsformer fram mot 2028. Stillinga har sitt hovudtrykk i august og september.
Vi ser etter deg som har erfaring frå produksjon innan scenekunst, musikk og festival, gjerne med kjennskap til Crescat eller liknande verktøy, og som har god forståing for søknadsprosessar og tilskotsordningar.
Kommunikasjonsansvarleg (50 %)
Her er ansvaret å utvikle og gjennomføre kommunikasjon og marknadsføring på tvers av dei to festivalane. Arbeidsoppgåvene spenner frå innhaldsproduksjon til nettside, nyheitsbrev og sosiale medium, til kampanjar og annonsering på Meta og Google, presse- og synlegheitsarbeid, og formidlingsstrategiar for det kunstnarlege programmet. Arbeidet er jamt fordelt gjennom året.
Vi ser etter deg som er ein sterk formidlar, har erfaring med digital annonsering og publikumsutvikling, og trivst med å jobbe sjølvstendig og på tvers av organisasjonar.
Praktisk informasjon
Tilsetjinga skjer via Høstscena. Lønn etter avtale, ca. 600 000–700 000 kr ved 100 % stilling. Søknadsfrist er 20. april 2026.
Send kort søknad (maks éi side) og CV til Siri Forberg: siri@hostscena.no / 930 89 940.