
27.-31. AUGUST 2025
Festivalprogram 2025
I forkant av Opningskonserten på Gomerhuset same kveld, vert det tradisjon tru opning av kunstutstilling med årets festivalkunstnar Håvard Vikhagen — med bobler, ord og musikk!
Opningskonserten 2025 byr på eit fantastisk program - TrondheimSolistene i skjønt samspel med Ola Kvernberg, Rune Bergmann, Indre Strøk, Magne Fremmerlid og Charlotte Fongen!
Gammalgrass er ein supertrio i ordets rette forstand! Stian Carstensen, Ola Kvernberg og Ole Morten Vågan kastar seg over bluegrass, folkemusikk og mykje anna, med ein forførande cocktail av takt og tone.
Opplev pianisten og komponisten Vetle Nærø frå Ålesund live – ei sterk og nærverande konsertoppleving der han framfører musikk frå sine kritikarroste album.
Ta ei reise tilbake til ein av historias mest avgjerande periodar med Storbritannias mest elska krigstidskor: The D-Day Darlings! Denne unike konserten feirar frigjeringsjubileet med dei songane som gav håp, trøyst og styrke til ein heil generasjon.
Thomas Dybdahl kjem til Fjord Cadenza 2025! Dybdahl er ein av våre beste og mest profilerte musikarar. Han har med sine nydelege album forankra si stilling som ein av Noregs store artistar og låtskrivarar.
Songar Bror Magnus Tødenes og pianist Olav Egge Brandal kjem til årets festival med eit fantastisk program. Høyr sunnmørske musikarar i verdsklasse!
Har du tenkt på korleis bekkane syng? Bli med på ei konsertoppleving der vatnet sjølv er hovudperson, med vokalgruppa Stemmeklang i førarsetet for kvelden!
Årets store festkonsert under Fjord Cadenza er med sjølvaste Odd René Andersen! Han vert omtala som Norges beste soulsongar, med ei heilt unik stemme. I 2023 gjekk han av med sigeren i Stjernekamp, og gjennom heile sesongen viste han oss at han fordypar seg i melodiane og gjer dei til sine eigne – uansett kva sjanger han syng.
Songar Bror Magnus Tødenes og pianist Olav Egge Brandal kjem til årets festival med eit fantastisk program. Høyr sunnmørske musikarar i verdsklasse!


VIL DU BLI
FRIVILLIG?
Vi håper at du set pris på arbeidet som Fjord Cadenza gjer med talentutvikling og som ein arena for kulturformidling for heile regionen. Om du kunne tenke deg å vere frivillig under årets festival, trykk på knappen under.
Intro
Gjennom vårt INTRO-konsept formidlar vi musikk til barn og unge i ulike sjangrar. INTRO er eit viktig tiltak som bidreg til å utvide musikkopplevinga og -kunnskapen hjå barn og unge.
Kunst
Fjord Cadenza handplukkar kvart år ein kunstnar som får pryde vår årlege festival med sin kunst. Festivalkunstnaren får si eiga utstilling under heile festivalperioda.
