Tilbake til alle arrangementer

For full hals og med hendene i veret - allsongkonsert for dei yngste

  • Gomerhuset 25 Stadionvegen Skodje, Møre og Romsdal, 6260 Norway (kart)

Det er vel knappast noko som er kjekkare enn å synge i lag. Om du hugsar første ordet, berre melodien, eller alle fem versa spelar inga rolle! Å synge med den stemmen du har held lenge.

I fjor arrangerte INTRO eit morosamt samarbeid med barnehagane på Skodje, Valle og Stette. Det vart ein braksuksess – og i vår gjentek vi det. Vi har sunge og leika saman fordi vi synes det er skikkeleg kjekt, og fordi vi er opptekne av å halde barnesongtradisjonane våre levande.

No vil vi invitere med alle familiane. Det blir enkle songar, flott musikk og mykje latter. Det viktigaste er å vere i lag. Etter songstunda blir det grautservering - og alt er gratis!

Å synge i lag med barn er noko av det viktigaste vi gjer som vaksne. Om det er Bæ bæ, lille lam, Kardemommesangen eller Alle fugler små de er. Song er ein gratis lykkepille for små og store. Ikkje alle er like vande med å synge, men da blir det kanskje litt lettare om vi gjer det saman? I verste fall kan du kome til å tralle på veg ut…

Vi har med Karoline Isaksen, Runar Tafjord og Knut Ivar Bøe, i tillegg til Inger Bakke.

Ta med deg gjengen din og kom!

Forrige
Forrige
3. februar

GLO 2020 på Jentekolonien